Fjøløy

Fjøløy har ligge i skuggen av den meir berømte ­Klosterøya med Utstein kloster, men etter at fortet på øya blei nedlagt i 2009, og området blei overdratt til Rennesøy kommune i 2010 og opna for fri ferdsel i 2011, er Fjøløy blitt eit turmål i tillegg til klosteret og med sine eigne attraksjonar.
Namnet betyr fjøl, brett eller bord. Det kan ­karakterisere staden, men her kan det og vise til tynne plater i fjellgrunnen som skifter mellom lys granitt og mørk skifer.

Namnet betyr fjøl, brett eller bord. Det kan ­karakterisere staden, men her kan det og vise til tynne plater i fjellgrunnen som skifter mellom lys granitt og mørk skifer.

Friluftsrådet har lagt til rette for tilkomst med båt frå ei brygge sør i Vinnarvika, på vestsida av Fjøløy, rett nedom fortet. På andre sida av vika ligg Fjøløy fyr. Dette er altså dei to store attraksjonane på øya, i tillegg til eit vakkert landskap med overveldande utsikt til dei ytre delane av Ryfylke og kystlandskapet nord for Stavanger. Her er og, som på dei andre øyane i området, tett med fornminne, over ein tredel av alle steinalderfunn som er gjort i Mosterøy er funne her, og her er gjort store og viktige funn frå hundreåra etter, men dei skal vi la ligge her.

FJØLØY FYR

Det var dei store sildefiskeria på 1800-talet som reiste behovet for fyr som kunne trygge skipsleia nordover mot Bergen. I 1849 blei det sett i drift ikkje mindre enn åtte fyr, mellom desse fyret på Fjøløy.

Det første fyret var ei enkel lykt som skulle lyse under sildefisket mellom desember og mars og som hadde ein mellombels karakter. Men alt etter første ­sesongen blei det reist krav om meir kontinuerleg drift, og brennetida blei gradvis utvida. Fyret blei forbetra i fleir ­omgangar. I 1866 sette Fyrvesenet opp ein 70 kvadratmeter stor fyrvaktarbustad med fyrlykta ved husveggen i høgd med stova, og frå denne tida budde fyrvaktaren i sjølve fyret. I 1883 blei det sett inn eit linseapparat som ga mye betre lys, og i 1939 kom det straum til fyret. Men straumforsyninga var såpass ustabil at det framleis var behov for tilsyn med fyret. Den gamle fyrvaktarbustaden blei erstatta med ein ny i 1954. Attåt sjølve fyret og fyrvaktarbustaden, er det eit fint mura naust og ein innmura kjøkkenhage ved fyret.

Fram til 1956 var det både fyrmeistar og fyrbetjent ved fyret, men da fyrmeistaren gikk av med pensjon i 1977 blei fyret automatisert.

Fjøløy fort blei bygt av tyskarane under andre verdskrigen. Etter krigen var det ein del av det norske kystartilleriet fram til fortet blei nedlagt i 1999, men brukt som øvingsområde like fram til 2009 da området blei opna for publikum. Ein ­entusiastisk vennegjeng har i samarbeid med Rennesøy kommune, Ryfylke Friluftsråd, Stavanger turistforening og Ryfylkemuseet rydda opp og lagt til rette for publikum.

FJØLØY FORT

Fjøløy fort er ikkje ein bygning i massiv konstruksjon på toppen av eit fjell. Fjøløy fort er 270 dekar utmark med ei rekke bygningar og installasjonar som i 1950-åra var hovudfort i Rogaland. Det var lenge eit hemmeleg og utilgjengeleg område, men nå kan vi alle vandre rundt på fint opparbeidde stiar, sjå korleis det var og skjønne at det ikkje var tilfeldig at det blei anlagt eit fort her.

Det var tyskarane som starta utbygging av fortet. Etter angrepet 9. april 1940 sette dei raskt i gang med å bygge eit forsvarsverk mot eit muleg engelsk angrep. Alt i juni 1940 hadde tyskarane etablert kystartillerifort i Sola og på Kvitsøy. Artilleriet på Fjøløy var ein del av eit forsvarssystem som skulle forsvare flyplassen på Sola og innseglinga til Stavanger. Også arbeida på Fjøløy starta i 1940.

Bygginga av kanonstillingar, luftvernskyts, vegar og bygningar førte til stor aktivitet på Fjøløy. I mai-juni 1941 var fortet ferdig. Da var det m.a. installert tre store 21 cm Mörser kanonar med eit skotvidde på heile 16 725 meter. Det rakk så langt som til Tananger i sørleg retning, og dobbelt så langt som til Kvitsøy vestover. Etter at anleggstida var over skal det ha vore om lag 150 soldatar stasjonerte på Fjøløy. Eilert Schanche, eigaren av klostergarden på Utstein, gikk inn i ei dobbeltrolle der han pleidde omgang med tyske offiserar, fekk kunnskap om kva dei heldt på med, og formidla dette vidare til motstandsfolk.

Fjøløy fyr var mellom dei første
som blei sett i drift på strekningen
Stavanger – Bergen.

Da krigen var slutt overtok det norske forsvaret 112 kanonar fordelt på 29 batteri som inngikk i kystforsvaret av Rogaland, skriv Trygve Brandal i ein artikkel om Fjøløy fort: «Få stader hadde tyskarane samla så sterke styrkar som her. Årsaka var at Sør-Vestlandet hadde stor strategisk betydning. Tyskarane frykta alliert invasjon frå vest mot den sørvestlandske kysten. Til dette kom oppgåva med å halde kysttrafikken i kontinuerleg drift, som var av avgjerande betydning». Ved reorganiseringa av forsvaret etter krigen kom Fjøløy fort til å inngå i det som blei kalla Stavanger festning.

På grunn av Korea-krigen kom Fjøløy fort til å inngå i ein skjerpa beredskap frå november 1950, og fortet blei ståande mobilisert med full krigsoppsetting i fleire år. I 1952 var det over 100 mann stasjonert på fortet, og moderniseringa av fortet heldt fram i 1960-åra. Først rundt 1980 var moderniseringa fullført. Dei store Mörser-kanonan blei fjerna like etter krigen og erstatta med mindre 15 cm kanonar. Noen år seinare blei også denne bestykninga endra.

Båndtvang for hunder - Dogs in leash Fiske - Fishing area Gjestebrygge - Guest pier Grill eller bålplass - Barbecue or campfire place HC-toalett Infoskilt - Infosign P-plass - Parking Rasteplass - Picknic area Kulturminne - Cultural heritage Teltplass - Camping site Turvei - Foot path Turvei for HC - Footpath suitable for HC Utsiktspunkt - Viewpoint
Her kan du se en luftig film om friluftsområdet
  • fredag

    5 ms
  • lørdag

    12 ms
  • søndag

    5 ms

Det flere hundre mål store militære området ble overtatt av kommunen våren 2010, regulert for friluftsformål. Området har allerede fått mange nye funksjoner, bl.a. en universelt utformet turvei som binder fyret og fortet sammen. Fortet ble etablert av den tyske okkupasjonsstyrken i 1942. Området er ideelt som turmål med sykkel, til fots, med båt og bil/buss.

Det gamle fyret ble opprettet 1849, automatisert og avfolket i 1977 og erstattet av fyrlykt i 1983. Fyret ligger på den ytterste spissen av Fjøløy rett i havgapet og kan være en stor opplevelse både på stormfulle høstdager og varme sommerkvelder.

Dyr på beite, husk båndtvang hele året.

[Mer informasjon]


Boka: I Fjordane - Ryfylke Friluftsråd Tekst og bilder fra boka:
I Fjordane - Ryfylke Friluftsråd Tekst - Roy Høyby
Foto - Lise Bjelland
Les mer om boka her