Sauøy

Tilliks med Foreholmen i Buøysundet sør for Byre, hørte også Sauøy nord for Byre til gardane på Byre. Det var i alt 10 – 15 øyar og holmar som hørte til gardane. Dei blei jamt over brukt til beite. Jordbruk og husdyrhald, i kombinasjon med fiske, var det som ga levebrødet. Det beitet som var å finne på holmar og mindre øyar var derfor ein viktig del av produksjonsgrunnlaget.

I motsetning til Buøysundet ser det ikkje ut til å ha vore fast busetting på Sauøy. Det er heller ikkje registrert kulturminne av særleg interesse på øya. Men heile øya er sikra som friluftsområde. «Eldorado for båtturister», skriv Miljødirektoratet om Sauøy. «Lunt og fint, gode fiskeplasser, vakker natur, kort veg frå Stavanger (ca. 2 timers båttur). Velegna for teltslagning, da øya er relativt lav.»

Like begeistra er skildringa av landskapet i rapporten «Vakre landskap i Rogaland», men der femner omtalen både Fisterøyane og den austlege delen av Fogn.

Ikkje så overraskande er Sauøy mye brukt som båtutfartsområde. Her er gode forhold for ilandstiging og fortøying under alle vindretningar. Friluftsrådet har lagt til rette for båtturistar med gjestebrygge, miljøstasjon, toalett og leirplass.

Ein ørliten spasertur over til nord-vestsida av Sauøya finn ein denne lune vika der det er fint å bade når godveret melder seg.

Badeplass - Swimming area Fortøyningsbolter - Mooring bolts Grill eller bålplass - Barbecue or campfire place Avfallskonteiner - Waste container Ombord- og ilandstigningsbrygge Rasteplass - Picknic area Toalett - Toilet
Her kan du se en luftig film om friluftsområdet
  • fredag

    3 ms
  • lørdag

    8 ms
  • søndag

    3 ms

Idyllisk og lun bukt for de fleste vindretninger. Svært mye brukt båtutfartsområde med gode ilandstigningsmuligheter. Sauøy ligger midt i et av de mest populære hytteområdene i Ryfylke, men du kan likevel oppleve den store stillheten. Uansett vindretning kan du finne en god fortøyningsplass på Sauøy. Vær oppmerksom på ureint farvann ved ankomst til den sørvendte delen av Sauøy.


Boka: I Fjordane - Ryfylke Friluftsråd Tekst og bilder fra boka:
I Fjordane - Ryfylke Friluftsråd Tekst - Roy Høyby
Foto - Lise Bjelland
Les mer om boka her