Lindøy

Lindøy er truleg meir eit begrep enn ein stad. Ingen som har vakse opp i Rogaland dei siste mannsaldrane er i tvil om kva Lindøy er. Det er tvang og fengsel, ris og straff, og var du ikkje snill var siste utveg å sende deg dit. Eller var det slik? Kjell Gjerseth, tidlegare journalist i Stavanger Aftenblad, har samla historier om Lindøy, og kome ut med ei meir nyansert forteljing. Men det er ikkje ei solskinnshistorie. Det er ei historie om avmakt og demonisering av dei som ikkje fekk den starten på livet som barn burde ha krav på å få.

Dei som kjem frivillig til Lindøy i dag møter ein idyll av vakre hus, viker, svaberg og hyggelege stiar i ­kulturlandskapet. Ikkje å undrast over at Lindøy er ­mellom dei mest populære friområda til Ryfylke ­friluftsråd. I Sørvika, på sør-aust-sida av øya, er det lagt godt til rette for mange for landligge, bading og hygge, anten ein kjem med eigen båt, eller med rutebåten frå byen. Men det var i Nordvika det starta.

Sørvik på Lindøy midt i 1930-åra. Søndag var helligdag og skolefri, men gutane hadde eit dagsprogram også da, og dei har finkleda på. (Arkivfoto: Stavanger skolemuseum, MUST)

Hovudbygningen i Nordvika på Lindøy. Det er eit velhalde bygningsmiljø i eit landskap som skiftar mellom vakker og velhalden park og eit kulturlandskap med beitande dyr.

I 1887 kjøpte presten Lars Oftedal Lindøy. Året etter blei «Lindøen Rædningshjem for moralsk fordærvede ­Gutter» innvia. Den kuriøse sida av historia er at hjemmet blei bygt av materialar frå eit skip som skulle til Spania, men som forliste utafor jærkysten. Målet var å bygge ein heim for «vanartede og fordærvede gutter». Lindøy blei ein del av det kristelege konsernet til Oftedal, som også omfatta Bethaniastiftelsen, Waisenhuset og seinare Stavanger Aftenblad. Hit kom rampen som hadde drive med nasking, steling, skulking, løgn og fanteri og som verken foreldre eller lærarar rådde med. Eller sagt på ein annan måte, slik Kjell Gjerseth såg det: Som var forsømt av foreldre og lærarar og andre som burde ha spurt kvifor dei naska og stal, skulka og laug.

2500 gutar var på Lindøy i løpet av det drøye hundreåret Redningshjemmet, eller seinare skolehjemmet eller spesialskulen var i drift. Den siste reiste derifrå i 1994. Men framleis er det liv på Lindøy. Nå heiter det Stavanger ungdomssenter avd. Lindøy og er ein barnevernsinstitusjon for ungdom mellom 13 og 18 år som er plassert der med heimel i barnevernlova.

Det var slik at Stavanger kommune overtok Lindøy alt i 1900 for å etablere ein tvangsskole for gutar som var sinkar og skulkarar i normalskulen. Men det gikk ikkje så bra. I 1907 overtok Staten drifta og det blei bygt ein ny tvangsskule i Sørvik, altså i tillegg til den som alt sto i Nordvik. Denne fekk namnet Tvangen, medan skuleheimen i Nordvik blei kalla Håpet. Og slik gikk åra til Tvangen brann ned til grunnen i 1946 for aldri å bli gjenreist. Dagane var fylte av eit program med faste ­aktivitetar: Måltider, skule, arbeid, lekser, organisert fritid, sove. Men det var ikkje mye fritid. Det var derimot mye arbeid. Det er gutane som har bygt mye av det vi ser på Lindøy i dag. Og dei var aktive med både i jordbruket og i husstellet.

Lindøy tilbaud eit monotont tilvære med arbeid, skule, lekser, mat og søvn for «vanartede og fordærvede gutter». Det låg ikkje i tida å spørja om dei bakanforliggande årsakene til oppførselen.

Badeplass - Swimming area Fiske - Fishing area Gapahuk - Lean-to shelter Grill eller bålplass - Barbecue or campfire place Infoskilt - Infosign Rasteplass - Picknic area Kulturminne - Cultural heritage Teltplass - Camping site Tursti - Footpath WC Søppelstativ Kai Beitedyr Dusj Handikap tilrettelagt
  • torsdag

    6 ms
  • fredag

    8 ms
  • lørdag

    9 ms

Lindøy er lett tilgjengelig med rutebåt, eller egen båt. Øya er småkupert og skogbevokst (vesentlig barskog) og har svabergkyst ut mot Høgsfjorden. Kulturlandskap med stor variasjon og mangfold. Dette er et mye brukt båtutfartsområde med gode muligheter for fortøyning ved brygger eller i båtfester.

Ryfylke friluftsråd har i dag ansvar for å drive gårdsbruket og bevare kulturlandskapet på Lindøy. I Sørvik er det et stort bryggeanlegg med fast grillplass og god plass til fritidsbåter.

Tilrettelagt med leirplass og aktivitetsmark. Velegnet for større grupper/skoleklasser.

Kollektiv transport: Avreise fra Bakerbrygga ved Jorenholmen i Stavanger. Ved retur fra Lindøy: husk å heise blåse på kaien for at båten skal komme innom.
Tur: Grusvei. Totalt 2,8 km turvei
Fiske: Sjøfiske med stang fra land.
Bading: Sørvik og Varmekro

Dyr på beite hele året, husk båndtvang.

[Last ned turkart]
[Link til kollektiv transport]


Boka: I Fjordane - Ryfylke Friluftsråd Tekst og bilder fra boka:
I Fjordane - Ryfylke Friluftsråd Tekst - Roy Høyby
Foto - Lise Bjelland
Les mer om boka her