Langøy

«Det tar ikke mange minuttene med ­hurtigbåten fra Stavanger til du går i land på Langøy og er i en helt annen verden», skreiv Stavanger Aftenblad i ein artikkel i august 2014. Denne andre verda er ei vakker øy med lyngheilandskap, som ikkje er større enn at ho passar til ein lett dagstur. Men du må ha båt eller ta rutebåten for å komma dit. Eit langvarig ønskje om brusamband til fastlandet har ikkje ført fram, og det er gjerne derfor at det berre er ei handfull fastbuande att på øya. Men det er og gjerne rett å peike på at diskusjonen om bru ikkje berre har handla om pengar. Eit argument for å ikkje bygge bru har vore at Stavanger bør ta vare på delar av det unike kystlandskapet som er ein del av byen, og at bru- og vegbygging ville vera eit trugsmål både mot dette og mot bruken av øya som friluftsområde.

Lyngheia på Langøy er den største i Stavanger og er meir enn vakker natur. Lyngheia var ein viktig del av ressursgrunnlaget for kystjordbruket, og ho blei stelt og skjøtta slik at det alltid skulle vera frisk lyng til å beite på. For å fornye lyngheia blei ho med jamne mellomrom svidd av, slik at ny lyng kunne vekse opp.

Langøy hørte opphavleg til under Austbø på Hundvåg, og blei truleg brukt som utmark/slåttemark for garden. I 1904 blei det etablert to gardsbruk med fast busetting på øya, men desse blei avvikla rundt 1960, og det blei planta skog på øya. Da den store registreringa av verneverdige bygningar frå før 1900 gikk føre seg i 1992 fann dei berre eitt verdig objekt på Langøy, det var våningshuset på Sørbø som var bygt rett etter århundreskiftet, i 1904, og altså eigentleg heller ikkje var kvalifisert til å vera med i registreringa, men truleg var ein del av huset eldre.

Stavanger kommune overtok den nordlegaste eigedomen på Langøy da tankanlegget blei lagt ned. Gardsbygningane på vestsida av øya blir brukt av Lundsvågen naturskole. Det er Lundsvågen vi ser på den andre sida av Langøysundet.

Langøy blei sikra som friluftsområde av Miljødirektoratet i 1968. Stavanger kommune kjøpte det nordligaste gardsbruket på øya, og store delar av øya blei regulert til friluftsområde. Lundsvågen Naturskole på Hundvåg har sidan 1989 brukt staden som ekskursjonsstad og minileirskule. Turvegen rundt øya fører gjennom gardstunet anten ein kjem med rutebåt frå Stavanger og går i land sør på øya, eller ein legg til ved brygga på vestsida. Går ein i land på austsida må ein krysse øya for å koma dit.

Rett etter kjem ein til eit krigsminne frå andre verdskrigen. Her er det murar og trapper som fører opp til ein kanonstilling på det høgaste punktet på øya. Enda eldre er tankanlegget som Shell reiste i 1920. Anlegget blei lagt ned i 1960 og Stavanger kommune overtok eigedomen. Ryfylke friluftsråd har bygt ein gapahuk i ein av tankane rett opp for kaianlegget på austsida.

Det har ikkje alltid sett like idyllisk ut på Langøy. I mellomkringstida, og like fram til 1960 var Langøy prega av det store tankanlegget som SHELL hadde på øya. Frilfutsrådet har sett opp ein gapahuk innafor murane som var reist rundt ein av tankane.

Badeplass - Swimming area Fiske - Fishing area Gapahuk - Lean-to shelter Grill eller bålplass - Barbecue or campfire place Infoskilt - Infosign Rasteplass - Picknic area Kulturminne - Cultural heritage Teltplass - Camping site Tursti - Footpath Utsiktspunkt - Viewpoint WC Søppelstativ Kai Beitedyr Dusj Handikap tilrettelagt Kajakk utsetting
  • mandag

    8 ms
  • tirsdag

    7 ms
  • onsdag

    6 ms

Langøy ligger rett øst for Lundsneset på Hundvåg, eller vest for Vassøy. Denne øya og holmene nordover utgjør et variert og småkupert skjærgårdslandskap som er svært populært blant småbåtturister. Langøy er en lang og smal øy med svabergkyst, knauser, spredte trær og røsslynghei. Det finnes noen få fastboende på den sørlige delen av øya, men ellers er mesteparten av øya friområder, bra tilrettelagt for store grupper/elevklasser.

Skulle det være fullt på bryggene, kan du legge deg på svai eller fortøye i land.

Kollektiv transport: Avreise fra Bakerbrygga ved Jorenholmen i Stavanger. Ved retur fra Langøy: husk å heise blåse på kaien for at båten skal komme innom.
Tur: Grusvei. Totalt 3,3 km turvei.
Fiske: Sjøfiske med stang fra land.
Bading: På vestsiden.

Dyr på beite hele året, husk båndtvang.

[Last ned turkart]
[Kollektiv transport]


Boka: I Fjordane - Ryfylke Friluftsråd Tekst og bilder fra boka:
I Fjordane - Ryfylke Friluftsråd Tekst - Roy Høyby
Foto - Lise Bjelland
Les mer om boka her