Hylsfjorden

Straks nord for Sand skjer Hylsfjorden seg ti nautiske mil (snaue 20 km) austover og inn i landet. Det er ikkje ein fjord som byr på mange skjerma stader for overnatting i småbåt, men som mål for dagsturar med utgangspunkt i base på Sand, kan fjorden by på mange fine opplevingar.

Frå begge sider av fjorden er det meste i dag også tilgjengeleg frå bil. Men slik har det ikkje alltid vore. Anten dei skulle til kyrkje eller på handel måtte fjordbuen i båt for å få gjort ærenda sine. Etter kvart fekk Hylsfjorden sin eigen rutebåt. Den første rutebåten med namnet Hylsfjord blei sett i rute i 1947. Dei som har levd ei stund hugsar den neste «Hylsfjord» som blei sett inn i ruta i 1959. Båten var spesialbygd for rutefart på fjorden og gikk fem dagar i veka til Sand om vinteren og seks om sommaren. Kvar laurdag gikk han til Sauda. På ruta var han innom Røyrvik på andre sida Sandsfjorden, Tangen, Drarvik, Vanvik, Suldalseid, Li, Valskår, Øro, Tengesdal, Lingvong og Hylen. Det er båtentusiasten Jone Laugaland som har samla stoff om «Hylsfjord» på bloggen sin.

Men båten fekk etter kvart konkurranse. Først kom det veg frå Steine i Suldal til Suldalseid og Valskår på sørsida av fjorden, i 1978 var det ferdig veg frå Sauda til Vanvik og noen år seinare til Tengesdal. Hylen blei knytt til vegnettet i samband med Ulla-Førre-­utbygginga og vegprosjektet langs Suldalsvatnet i 1980. Det var ikkje bruk for «Hylsfjord» lenger og i 1983 blei han ­pensjonert. Men Jone Laugaland har funne han att. Nå lever «Hylsfjord» som fritidsbåt i Drammenselva.

SØLVKANNESTRONNÅ

På omslaget av første band av bygdesoga for Sand, det bandet som omfattar Hylsfjorden, har bygdebokskrivaren Ernst Berge Drange felt inn eit bilde av ei sølvkanne. Gjennom generasjonar, fortel han, var det stor velstand i mange av slektene på Hylsstronnå. Dei heldt formuen intakt gjennom strategiske giftarmål, til dels med nære slektningar. Rikdommen manifesterte seg mellom anna i sølv, og dei mange sølvkannene på Hylsstronnå vart eit viktig symbol på velstanden. Folk i grannedistrikta kalla såleis nordsida av Hylsfjorden for Sølvkannestronnå.

Men dei hadde også andre måtar å vise fram velstanden sin på. Dei bygde seg dryge stovehus, og vi har tidlegare skrive om rosebua, Målabua, på Håland i Erfjord. I Hylsfjorden var det fleire slike. Drange har funne spor etter måla buer på Løland, i Vanvik, på begge Bjerga-gardane, i Hylen og i Drarvikjå. I dag er dei alle borte, unntatt rosebua på Løland. Men den har ei yngre måling, måla av den kjente rosemålaren Lars Aslaksson Trageton i 1798. Dei som har granska historia og målinga tenkjer at det truleg er ei eldre måling under rosemålinga i bua på Løland.

Det var ulik storleik på gardane på Hylstronnå. Ikkje alle hadde like mye skog å ta av. Men på Løland var det mye sølv. Drange fortel om eit dødsbu på Løland i 1775 der det var to sølvkanner, eit sølvstaup, ein sølvbolle, ei sølv brennevinskål og ei sølv brurekrone med sølvbelte m.m. Det var sølv for minst 150 dalar. Også i dødsbu på m.a. Fattland, Vanvik og Indre Bjerga er det rekna opp sølvkanner.

Vanvik er ei lite bygdesentrum med kommunal kai som ikkje lenger er i bruk til rutetrafikk. Dei tømra nausta er høgt verdsette i kulturminneplanen for Suldal kommune.

Prestisjebygningane i det gamle bondesamfunnet var dei måla stasbuene. Den best kjente av desse, og ei av dei få som har overlevd generasjonane, er rosebua på Løland. Ho blei dekorert av den kjente rosemålaren Lars Aslaksson Trageton i 1798.


Boka: I Fjordane - Ryfylke Friluftsråd Tekst og bilder fra boka:
I Fjordane - Ryfylke Friluftsråd Tekst - Roy Høyby
Foto - Lise Bjelland
Les mer om boka her