Hellandshabn

Hellandshabn er friluftsområdet som Ryfylke ­friluftsråd har lagt til rette for båtturistar i Krossfjorden. Det er ei god naturhavn tilrettelagt med båtfester. Det er fine turløyper i området, m.a. flott tur til toppen av Grytenuten 862 m.o.h. Greiaste utgangspunkt er frå Østabø, litt lenger sør, eller frå Vatlandsvåg på Sandsfjord-sida.

Det er garden Helland som har gitt namn til ­plassen. Det kjem truleg av helleren som ligg rett ovanom tunet på garden. Hellands habn (hamn) var ein god plass å legga til og vente på betre ver når forholda på fjorden var så vanskelege at det var vondt å koma forbi Kråkeneset.

Dette flotte bildet frå Habn viser korleis det såg ut midt på 1920-talet. I dag er det berre murane som står att. Foto frå Jelsa, gardar og folk III. Utlånt frå Nasjonalbiblioteket.

Det er husmannsplassen Habn som nå er blitt friluftsområde. I bygdeboka for Jelsa, som også omfattar dei gardane vest og nord på Ropeidhalvøya som tidlegare hørte til Vikedal, gjer Ernst Berge Drange merksam på det interessante fenomenet at plassen blei busett medan hovudbruket på Helland enda låg aude etter svarte­dauden. Allereie tidleg på 1600 talet har han funne at det budde folk i Habn, medan hovudbruket blei tatt opp att som gard først på 1680-talet. I 1838 blei Habn delt frå som sjølvstendig bruk, og slik bar det til Habn gikk inn att i hovudbruket i 1906. Husa i Habn sto til ut i mellomkrigstida, men etter krigen var dei nedfalne.

Båndtvang for hunder - Dogs in leash Fortøyningsbolter - Mooring bolts Teltplass - Camping site Tursti - Footpath Dykking - Scuba diving
Her kan du se en luftig film om friluftsområdet
  • torsdag

    4 ms
  • fredag

    5 ms
  • lørdag

    4 ms

Hellandshabn på Ropeidhalvøya er tilrettelagt med båtfester.

Her er det også gode muligheter for å gå flere merkede løyper, blant annet til flott utsiktspunkt på Grytenuten. Med sin høyde på 862 m.o.h og korte avstand til fjordene har Grytenuten en fantastisk utsikt. Følg stiene fra Østabø eller Vatlandsvågen.

[Ut.no for Grytenuten]


Boka: I Fjordane - Ryfylke Friluftsråd Tekst og bilder fra boka:
I Fjordane - Ryfylke Friluftsråd Tekst - Roy Høyby
Foto - Lise Bjelland
Les mer om boka her