Habn

Bogsfjorden er den lune fjordarmen som er skilt frå Erfjord med det smale Bogsundet. Det er hit erfjordbuen og andre suldølingar reiser når dei vil bade tidleg på sommaren. Her blir det god temperatur på badevatnet.

Bogsfjorden har fått namn etter garden Bog som ligg på vestsida av fjorden. Namnet heng saman med forma på fjorden – ei krum innskjering frå Erfjorden. Her kjem sola tidleg om morgonen og våren kjem tidleg. Det har vore såpass gode forhold her at frukt- og bærdyrking har vore ein del av produksjonen på garden. Tidlegare, på 1600-talet, gjorde dei det godt på trelasthandel. Dei var beint fram velståande. Garden har vore delt i to bruk sidan kring 1730, «det nore» og «det søre». På begge bruka står dei gamle stovehusa frå 1800-talet som historiske element i kulturlandskapet.

På andre sida er Erøynå, slik bygdebokskrivaren Ernst Berge Drange skriv det etter seiemåten. Også Erøynå har vore delt i to bruk, eit austre og eit vestre. Gardstuna ligg nokså nære kvarandre på den nordre enden av halvøya. Ein Henrik Blank, truleg ein utlending (namnet blei skrive på mange måtar), dukka opp på Erøynå tidleg på 1600-talet, fortel Drange. Han levde der i 40 år, slo seg opp på trelasthandel og samla seg store materielle verdiar. Det var etter den tida at garden blei delt i to og det blei etablert fleire husmannsplassar på halvøya.

Erfjord er namnet på garden inst i Bogsfjorden og nord for det smale eidet som fører ut til Erøynå. Dette er ein av dei mest sentrale gardane i fjorden, med husa plasserte på det høgaste punktet nord for eidet mot Erøynå. Tilliks med gardane på begge sider av fjorden, profiterte også Erfjord-garden på etterspurnaden etter trelast ute i Europa. Garden blei delt i tre bruk alt på 1600-talet, og eitt til seinare. Utetter på 1800-talet slo det seg ned folk på ikkje mindre enn ni husmannsplassar under Erfjord-garden.

Den indre delen av Bogsfjorden, og over eidet mot Erøyvika, har vore attraktive stader å busetta seg. Etter siste krigen blei det utparsellert mange bustadtomter, og på 1970-talet blei det regulert eit større bustadfelt på Erfjord-garden, Stølane - etter den funksjonen området hadde hatt, heilt inst i fjorden. Rundt tusenårsskiftet blei det opparbeidd eit bustadfelt på austsida av Erøynå. På Stølane bygde Suldal kommune eit grendasenter med bibliotek, barnehage, helsestasjon og aldersbustadar.

På Erfjord-sida av eidet er det viktigaste industri- og næringsområdet i Erfjord. Her står og bedehuset for Erfjord-sida (på Håland-sida hadde dei bedehus i Hålandsosen). Fiske- og fraktbåtreiarlaget Bøen har base her, og her starta Trygve Erfjord og Åsvald Erøy opp Erøyvik Båtbyggeri, nå Erøyvik Trevare, rett etter krigen.

Mjølkebåten «Kløver» blei bygt i Erøyvik i 1955. Etter å ha gått i mjølkefarten til litt etter at Ryfylkevegen var opna i 1965, blei han seld og havna til slutt i Lysekil i Sverige. I 2016 henta entusiastiske erfjordbuar båten heim og starta arbeidet med å restaurere han.

Friluftsrådet har to friluftsområde i Bogsfjorden, Hattavågsholmen på Erøy-sida sør i fjorden, og badeplassen Habn inst i fjorden.

HABN

Habn er ei lun, sør-vestvendt badevik heilt inst i Bogsfjorden. Staden er ikkje spesielt tilrettelagt for båtfolk, men det går fint an å ankre opp på utsida av vika, og det kan vera ein fin plass å dra opp kajakken. Frå landsida er det grei tilkomst frå parkeringsplass ved Bogsundvegen.

HATTAVÅGSHOLMEN

Hattavågen er ei lun og idyllisk bukt godt skjerma av Hattavågsholmen. Det er ein plass for å ankre opp, men det kan og vera eit utgangspunkt for ein tur rundt halvøya på sti og veg.

Ettersom det var mange husmannsplassar under gardane på Erøynå kunne ein tru at dette hadde vore ein lagleg plass å etablere seg. Men det ser det ikkje ut til å ha vore. Men på sørsida av Hattavågen, over mot Bogsundet, var det fleire husmannsplassar. Her ligg Leirvika heilt ned mot sundet, Smedavika litt lenger oppe, og Flota i skaret over mot Hattavågen. Alle desse plassane var busette på 1600-talet. Lervik, eller Lervikjå, blei frådelt og fekk status som sjølvstendig bruk i 1895. I 1969 overtok Norsk Jern- og Metallarbeiderforbund Lervik som ferieheim, og det er bygt fleire småhytter i området.

Badeplass - Swimming area Grill eller bålplass - Barbecue or campfire place P-plass - Parking
  • torsdag

    2 ms
  • fredag

    5 ms
  • lørdag

    5 ms

Habn er et populært utfartsområde i Suldal, men uten noen spesielle tilrettelegginger for båtfolket. Det er likevel et lunt og fint område å ligge på svai. Fin plass å lande kajakken for en rastepause innerst i Bogsfjorden.


Boka: I Fjordane - Ryfylke Friluftsråd Tekst og bilder fra boka:
I Fjordane - Ryfylke Friluftsråd Tekst - Roy Høyby
Foto - Lise Bjelland
Les mer om boka her