Sand

Det er mange perler i Ryfylke. Mellom dei som er født og oppvaksne på Sand er det Sand som er «perlå i Ryfylke». Sand er ein av dei største strandstadene, og ein stad som har vist livskraft like til nåtida. Det kan kome av at ny verksemd har dukka opp på nytt og på nytt sjølv da det kunne sjå som mørkast ut. Men om sandbuen er den som har tatt best vare på strandstadidyllen vil det nok vera litt ulike meiningar om mellom dei som ikkje er født og oppvaksne der.

I den søre enden av strandstaden, framom Ryfylke fjordhotel, er det ei god gjestehavn med alle fasilitetar.

BRANNAR FORMA STRANDSTADEN

Det Sand som møter oss i dag er Sand slik staden blei sjåande ut etter den siste storbrannen i 1892. Da brann store delar av sentrum opp, berre Nordenden, bu­setnaden langs den nordre delen av Sandsvikja, og husa øvst på Bakkadn, på platået framom kyrkja, blei ståande att. Dei husa som blei bygt opp att etterpå fekk alle preg av byggemoten den gongen, som var sveitserstilen. Austsida av Gata, hovudgata på Sand, har framleis preg av denne stilen, og med noen perler av godt bevarte hus inni­mellom, men på sjøsida har den historiske busetnaden lidd ein ublid skjebne.

Brannen i 1892 var sikkert katastrofal nok, men det har vore store brannar på Sand både før og etter. Såpass stutt tid i førevegen som i 1879 la ein annan storbrann heile strandstaden i oske. Berre isbeholdningen i eit ishus lengst sør overlevde. Dette var medan det framleis var liv i vervartida, den hektiske tida med skipsbygging i stor stil mange stader i Ryfylke. Mellom dei aller mest hektiske var Sand. Her var ikkje mindre enn tre skipsverft med noen få meters mellomrom. På to av vervane sto det fartøy under bygging, berre det eine var forsikra. Vervartida var på hell da strandstaden brann i 1879, og gullalderen var definitivt over. Arbeidsløysa vart stor. Oppattbygging av husa ga nok arbeid til ein del, andre gjorde seg ein leveveg av andre handverk, strandstaden var ein stad sterk prega av eit mangfald av handverk og handel, mange reiste til Amerika.

Og medan vi er i brannmodus: Etter vervartida var det ei tid turismen som skapte liv på Sand. Det kom engelske laksefiskarar dit for å fiske i Suldalslågen, og det blei opna ei spektakulær turistrute frå Sand, gjennom Suldal, over Suldalsvatnet til Nesflaten, og gjennom Bratlandsdalen til Odda, eventuelt austover fjellet. Dette ga rom for etablering av fleire hotell langs ruta og av ei nokså omfattande skyssteneste. Frå først av var innkvarteringa nokså smålåten, men etter brannen i 1892 klinte dei meir dristige menn til og bygde det flotte Kaarhus hotell i sveitserstil midt i sentrum. Sand var altså ein av dei stadene der det var eit flott sveitserhotell, men det var før 1965. Da brant hotellet, og også noen omkringliggande bygningar. I staden fekk vi den funkiskladden som står der nå.

Badeplass - Swimming area Fiske - Fishing area Fritidsfiske for HC - Fishing area facilitated for HC Gjestebrygge - Guest pier P-plass - Parking Rasteplass - Picknic area Tursti - Footpath
  • torsdag

    3 ms
  • fredag

    4 ms
  • lørdag

    5 ms

Badeplassen er universelt tilgjengelig med baderampe og driftes av kommunen. Her er god parkeringsplass og fin sandstrand. Gjestehavn og Ryfylkemuseet like ved. Sentral beliggenhet for båtturister som ligger i den fine gjestehavnen i Sand.

Fra Sand sentrum kan man gå topptur til Hellandsnuten, en tur som anbefales.

[Link til Ryfylkemuseet]
[Ut.no for Hellandsnuten]


Boka: I Fjordane - Ryfylke Friluftsråd Tekst og bilder fra boka:
I Fjordane - Ryfylke Friluftsråd Tekst - Roy Høyby
Foto - Lise Bjelland
Les mer om boka her