Saudafjorden

Saudafjorden er ein lang, bratt og djup fjord med avgrensa utvegar til ankring og strandhogg for båtfolk. Men tar ein bryet med å gå heilt inn, som mange gjer, og særleg i påska, kjem ein til ein plass som har mye å by på.

Undervegs vil ein passere gamle gardsbruk på begge sider, og etter kvart som ein nærmar seg Sauda, fleire og fleire hyttekoloniar. Halvveges inne i fjorden vil ein sjå gardane på Molla og Mollatveit oppe i lia på austsida av fjorden. Mollagrenda, og særleg Ytre Molla, blei kjent som innspelingsstad for delar av dramaserien Vestavind, med Wenche Foss i rolla som bestemor, som gikk på fjernsynet 1994 – 1995.

På vestsida ligg Vikaneset naturreservat, og høgt opp frå sjøen museumsgarden Hustveit. Hustveit var ein av dei beste skoggardane i Sauda. I periodar førte dette til stor aktivitet langs stranda der Hustveitelva fossande kasta seg ut i fjorden. «Frå første stund etter at Hustveit var busett att etter øydegrdstida, kanskje til og med før, vart garden årvisst vitja av framande skuter. Ikkje berre norske og danske, men også tyske, hollandske og skotske fartøy ankra opp ved Hustveitfossen for å ta in trelast», skriv Arnvid Lillehammer i ein artikkel. Det var to sager ved Hustveitelva, ei på kvar side nede med fjorden. Dei blei kalla Blankenborg-sagene, men noen god forklaring på namnet kjenner vi ikkje. Det ligg ikkje så godt til rette for å gå i land ved Hustveitelva i dag. Til Hustveit er det skilta avkjøring frå hovudvegen til Sauda.

Friluftsrådet har konsentrert seg om friluftsområdet på Nesøyra i Saudasjøen. Det er ei kommunal industrikai i Saudasjøen, men for båtfolket er det nok mest aktuelt å gå litt lenger, til gjestehavna som Sauda motorbåtforening driv i Trædavika, nærmare Sauda sentrum. Her er det tilgjengelege gjesteplassar heile året, men Sauda er særleg kjent for påsketrafikken. I påska blir heile småbåthavna tatt i bruk, og det er plass til 255 båtar rundt Trædavika. Det er eit renn av småbåtar inn fjorden heile påskeveka, mye liv i påskedagane, og like stor trafikk ut fjorden når påska er slutt.