Kvitsøy

Lengst vest i havet ligg Kvitsøy og hildrar, om du er så heldig å koma dit ein dag sola skin og bølgjene ikkje er så høge. Det er smått eksotisk, det er heilt annleis enn der du kjem i frå, men likevel ikkje lenger unna enn ein god halvtime med ferje eller anna fartøy. Og det regnar mindre på Kvitsøy enn noen annan stad i Ryfylke. Det er ikkje for ingenting at kraftverka ligg i dei indre delane av regionen.

Du kan altså reise til Kvitsøy med ferje, og du treng ikkje ha med deg anna enn det du står og går i, og litt niste i sekken. Du når det meste til fots. Men tar du med sykkelen når du alt på det som kan bli ein fin dagstur. Du kan sjølvsagt ta med bilen og, men Kvitsøy er ikkje ei øy for biltur, da går du glipp av alt du ser betre når du går eller syklar forbi.

Men det flottaste er å reise til Kvitsøy med båt. Finne vegen mellom holmar og grunnar, staker og lykter og fortøye ein plass i le for dønningar og vindråser. Det er mange plassar å fortøye, eller ankre.

Friluftsrådet har, i samarbeid med lokale ­krefter, opparbeidd to fine friluftsområde på Kvitsøy, eit i ­Sandrenna like ved ferjekaien, og eit vest på Grøningen, nord for Ydstebøhavn. Begge stadene er tilgjengelege frå land, men ikkje eigna for landligge med båt. I Ydstebøhavn er det fleire stader å legge til for fritidsbåtar. Vil ein ligge litt for seg sjølv kan ein velje brygga til Friluftsrådet på sørsida av sundet, på Rossøy, tvers over for gamlekaien i Ydstebøhavn.

Kvitsøy er den minste kommunen i landet i areal, og ein av dei minste rekna etter innbyggartal. I 2020 var folketalet på litt over 500. Statistisk sentralbyrå trur at det vil halde seg der, eller stige svakt opp mot 530 dette ti-året. I tillegg kjem ein del fritidsbuande i hytter og hus.

Medan jordbruk og fiske tidlegare var hovud­næringane, er det nå industri og privat og offentleg tenestyting som er hovudkjeldene til inntekt for folk i Kvitsøy. I 2019 blei det rekna med at det var vel 270 arbeidsplassar i Kvitsøy. Det interessante var at 198 av desse var fylt av folk som pendla inn til kommunen. På den andre sida var det 140 innbyggarar i Kvitsøy som pendla til arbeidsplass i annan kommune. Det var altså berre eit mindretal av dei sysselsette i Kvitsøy som hadde arbeid i eigen kommune. Dei fleste pendla til jobbar andre stader.

Bjarne Egil Pedersen er ein av dei som er med på moroa når hummarfisket startar i Kvitsøy.

DEN DOMINERANDE NÆRINGA

Før dette, før pendlinga og industriverksemdene, ­sjøtrafikksentralen, radiostasjonen (nedlagt 2011) og den omseggripande offentlege servicen, var det fiske som galdt. Det var den dominerande næringa på 1800-talet, men gjerne i kombinasjon med eit mindre landbruk.

I åra etter andre verdskrigen var det 150 fiskarar på Kvitsøy. Dei fleste vaksne mannfolka var da med i fisket i sesongane, eller dei dreiv med fiske heile året.

Men det var eit sesongprega yrke. Det store fisket til eit stykke ut på 1800-talet, og så frå 1900 og fram til 1960, var sildefisket. Kvitsøy låg lagleg til for å vera med på dette. Det var eit slit med årer, seil og garn og not fram til dei opne båtane etter 1900 blei bytta ut med dekka skøyter med motor. I 1950-åra var det 30 – 40 skøyter heimehørande på Kvitsøy, og dei fleste deltok i fisket. Sesongen var frå rett etter nyttår til ut på ettervinteren, eller tidleg vår.

Frå slutten av 1800-talet var også brislingfisket i vekst. Frå tidleg på 1900-talet gikk ein over frå landnøter til snurpenøter. På Kvitsøy kom den første snurpenota i 1910. Det var Kornelius Nordbø, Herman Holgersen, Peder Hviding og seks andre kvitsøybuar som gikk saman og kosta den, fortel Trygve Brandal i ein artikkel om fiskerihistoria på Kvitsøy. Brislingen blei levert til den veksande norske hermetikkindustrien.

Det kom ein hermetikkfabrikk også på Kvitsøy. Det var Peder Hviding som bygde hermetikkfabrikk i ­Leiasundet i 1920. Brislingfisket gikk føre seg inne i fjordane og andre stader på Vestlandet opp til Sogn, men det var og skøyter frå Kvitsøy som gikk like til Oslofjorden for å vera med på brislingfisket om sommaren. Kring 1940 var det minst ti brislingsnurpenotbruk heimehørande på Kvitsøy.

I åra etter 1900 var det eit godt makrellfiske på bankane i Nordsjøen. Frå 1920 kosta mange seg snurpenøter for fiske etter makrell om hausten. Og så, etter at sildefisket ikkje var så mye å leva av lenger var det mange som gikk over til reketråling. Frå kring 1960 var det reketråling som blei det dominerande fisket. Dei kunne fiske på eit stort og godt felt rett vest av Kvitsøy, eller dei fiska på Skudefeltet sørvest av Karmøy, eit område utafor Jæren, og på Revet, kring 60 sjømil ut i Nordsjøen. Det var lange dagar på feltet og stutte netter.

I tillegg til desse store fiskeria dreiv folk med fiske etter det som var å få. Seifiske var eit velkome fiske etter at sildefisket var over. Og så var det sjølvsagt hummarfisket, som kanskje ikkje var det som ga størst inntekter, men som var desto meir spennande.

Kvitsøy har ein stor plass i historia om hummarfisket. Bildet viser hummarfiske frå open båt den gongen det var hummar å hente. (Foto: Lauritz Haaland. Utlånt frå Stavanger sjøfartsmuseum, MUST.)

I dag er hummarfisket blitt eit hobbyfiske for 15 – 20 båtar. Lasse Dahl er mellom dei som brukar haustferien til hummarfiske saman med svigerfaren Jon Rønning. Det er ikkje hummar i kvar teine, men av og til dukkar det opp ein sværing.

HUMMAREN

Kvitsøy har fått ein stor plass i historia om hummarfisket. Ikkje først og fremst fordi det var der dei største fangstene blei gjort, men det var frå Kvitsøy den store eksporten av hummar gikk føre seg.

Hummarfisket har røter langt tilbake i historia. Det var etterspurnaden etter hummar frå land som Skottland og Holland som ga grunnlag for utvikling av fisket på 1700-talet. Hummarfisket gikk føre seg seint på hausten, innetter mot jul, og kan hende over i januar. Det passte såleis godt inn i årssyklusen for dei andre store fiskeria.

I 1930-åra dreiv kring 80 tomannsbåtar med hummarfiske på Kvitsøy. Noen dreiv også aleine. Dei hadde til saman kring 8000 teiner. Dei ivrigaste sette opp enkle fiskarhytter ute i holmane som dei budde i dei første nettene av fisket. Da slapp dei å bruke tid på å ro fram og tilbake. Ein kan framleis sjå restane etter noen av desse hyttene. På det beste kunne dei få ein hummar på teina til dagen. Men det har opp gjennom åra vore store svingingar i fangsten. Etter siste verdskrigen heldt fisket seg godt fram til kring 1960, men etter den tid har det vore ein kraftig tilbakegang.

Ein skal ikkje undervurdere verdien av hummar­fisket kring Kvitsøy, men det var i omsetninga av hummar at Kvitsøy kom til å spele ei dominerande rolle. Mye av hummaren som blei fiska i distriktet blei samla på Kvitsøy og eksportert herifrå. Etter kvart som det lokale hummarfisket gikk tilbake etter 1960, blei det importert hummar frå Skottland som blei mellomlagra på Kvitsøy. Hummaren blei oppbevart i store hummarparkar der hummaren kunne gå medan han venta på å bli eksportert. I alt var det fem slike parkar på Kvitsøy, med ein samla kapasitet på kring 50 tonn hummar. Fleire av parkane blei nedlagt i tida 1975 – 1980. Den siste som var i drift blei brukt like til i 2002. Det var Kjell Meling som hadde den, etter at han hadde overtatt eksportfirmaet etter Rudolf Haaland i 1972.

Kvitsøy er peika ut som eit område
med kulturhistorisk landskap
av nasjonal interesse.

KULTURHISTORISK LANDSKAP AV NASJONAL INTERESSE

I høringsutkastet til «Kulturhistoriske landskap av ­nasjonal interesse i Rogaland» er Kvitsøy mellom dei utvalde. Om lag halve Kvitsøy er med. Heile den vestlege delen av hovudøya og alle holmar og øyer sørover til og med Sparholmane. I forslaget sitt karakteriserer Riksantikvaren området som eit «beitelandskap med hummerfiske og forsvarsverk midt i leia». Og litt meir utdjupa om kvifor dette har nasjonal interesse:

«Kvitsøys lave og småknausete terrengformer og den opprevne kystlinjen med de mange øyene, holmene og smale sundene, har lagt grunnlaget for et helt spesielt kulturlandskap. Det er tett samanheng mellom småskala havnebebyggelse, karakteristiske hummerparker, beitelandskap med godt bevarte forhistoriske gårdsanlegg, piggsteinsgjerder og steingarder. Fyret og et særlig godt bevart forsvarsanlegg fra andreverdenskrig vitner om den strategiske beliggenheten mot havet.»

Det kom nok ikkje som noen bombe at Kvitsøy kunne koma med i eit slikt oversyn. Alt på 1990-talet blei Kvitsøy peika ut som eit område med høge landskaps­verdiar, og fyret og området rundt fyret blei freda ­gjennom vedtak av Riksantikvaren i 1998. Både i Ydstebøhavn og langs vestsida av Leiasundet er ei rekke bygningar registrerte som bygningar med høg verneverdi, mellom desse ti hus i det som blir kalla klasse A, bygningar som har eit fredningspotensiale. I kulturminneplanen for Kvitsøy er både store delar av Ydstebøhavn og delar av busetnaden i Leiasundet foreslått regulert til omsynssone, det vil seia der det er eit mål å bevare eksisterande bygningar og bygge nytt på ein slik måte at det tilpassar seg det gamle.

Om det å ta vare på desse verdiane skulle bli lagt til grunn for planlegging og forvalting av landskapet, vil det bety føringar for bruk, vedlikehald og nybygg i området

KVITSØY KYRKJE

Kvitsøy kyrkje er mellom dei eldste og vakraste trekyrkjene i Ryfylke. Ho blei truleg bygt på slutten av 1500-talet, og var i alle fall i bruk i starten av 1600-talet. Slik er ho ein lekk i den kyrkjebygginga som smått om senn kom i gang etter reformasjonen, men litt eldre enn Årdal gamle kyrkje frå 1620, eller kyrkja på Jelsa som var ferdig i 1647.
Alle desse kyrkje er vakkert dekorerte innvendig. Vi har ikkje opplysningar om kven ein trur kan ha utført måleria i Kvitsøy kyrkje, men dette var profesjonelle målarar som dreiv med dekorasjonsmåling lenge før rosemålinga kom på moten.

Altertavla, derimot, veit vi meir om. Den etter­rettelege kunsthistorikaren Robert Kloster skriv at altertavla i Kvitsøy kyrkje er det eldste arbeidet vi kjenner til av Laurits snekker som blei ein av dei som sette sterkt preg på renessansekyrkjene i Rogaland. Altertavla var ferdig i 1620 og var eit iaugefallande element i den vesle kyrkja som er påbygt og utvida seinare. Men på ­slutten av 1800-talet var det ein farsott som, på den eine sida, handla om å pusse opp og forenkle interiøret i dei gamle kyrkjene, og som, på den andre sida, møtte eit aktivt innsamlingsarbeid frå museum som ville bygge opp nasjonale samlingar som ein lekk i nasjonsbygginga. Altertavla i Kvitsøy kyrkje blei demontert og sendt til Norsk folkemuseum på Bygdøy i Oslo. Etter mye strev og lange forhandlingar fekk Kvitsøy kyrkje altertavla tilbake i 2003, så i dag kan 1600-tals kyrkja opplevast om lag slik ho var for 400 år sidan, men ikkje heilt.

I 1797 blei koret bygt til i den austre enden og i 1839 blei hovudskipet forlenga mot vest. I 1841 blei kyrkja forlenga enda litt, veggane blei flytta ut til sidene og det blei bygt galleri for å gi betre plass. Alt dette etter teikningar av den kjente slotts- og kyrkjearkitekten Linstow som kom til å setta sitt preg på mange av kyrkjene i Rogaland på 1800-talet. Og så har det vore utført reparasjonar og såkalla restaureringar ved fleire høve. Det som er att av den originale bygningen er dei dekorerte langveggane i hovudskipet.
Det er ein spasertur på om lag 20 minutt opp til kyrkja anten ein går frå Gamlekaien og gjestehavna i Ydstebøhavn eller frå ferjekaien på Vollsøy. Men kyrkja er ikkje open for tilfeldige besøkande. Vil ein sjå kyrkja innvendig må ein henge seg på ein organisert tur, eller møte opp til gudsteneste eller eit anna arrangement i kyrkja.

STEINKORSET VED LEIASUNDET

Ei eldre kyrkje låg på Krossøy, på austsida av Leiasundet. Dette var St. Clemenskyrkja som ein trur kan vera reist kring 1120. Dette var ei lita kyrkja bygt i kleberstein. Hovudskipet målte ikkje meir enn 7 x 7,5 meter, altså ei flate på vel 52 kvadratmeter. Ruinane av kyrkja kan ein ennå sjå. Kyrkja har vore ein del av ein bygningsmasse knytt til garden Kviting som var storgarden på øyane. Det er gjort fleire arkeologiske funn som peikar i retning av at det har budd storfolk her. Lokalhistorikaren Birger Lindanger meiner og at det var her dei store politiske møta blei haldne i mellomalderen.

Eit av dei mest spennande funna er restane etter eit vikingsverd like i nærleiken av St. Clemens-kyrkja. Det er eit funn som indikerer at det mest sannsynleg blei gravlagt ein viking her. Sverdet har vore av høg kvalitet, noe som blir tolka slik at det har tilhørt ein viking av betydning.

Leiasundet med krossen på Krossøy. Kyrkjeruinen og krossen på Krøossy vitnar om ei tid da det budde mektige menn på øya. Kvitsøy-krossen er det største av dei mange steinkorsa på Vestlandet.

Litt lenger sør på øya står det meir kjente stein­korset, det største ein veit om her til lands, neste fire meter høgt. Det er laga i Hyllestad i Sogn, men kvifor det blei sett opp er det fleire hypotesar om. Den eine er at det kan vera sett opp som eit symbol på forliket mellom Olav den Heilage og Erling Skjalgsson i 1016. Den andre er at korset kan vera sett opp for å vise at kristendommen hadde kome til øyane. Den tredje at det rett og slett er eit seilingsmerke. Birger Lindanger tenkjer at steinkorset kan ha hatt alle desse tre funksjonane, men at det i alle fall må vera eit uttrykk for at det var storfolk som i si tid fekk det laga og frakta til Kvitsøy, og at alderen på korset er om lag 1000 år.

Det er truleg korset (krossen) som ha gitt Krossøy namnet. Språkgranskarar meiner at det opphavlege namnet på øya var Kviting (Hvitingsøy) som så blei namnet på heile øygruppa og seinare kommunen.

Går ein til fots tar det om lag 20 minutt frå kyrkja og ut til Clemenskyrkja og steinkorset ved Leiasundet.

UT PÅ TUR

Vi har peika på at det meste er innafor gangavstand på Kvitsøy. Men i tillegg til dei attraksjonane ein kan nå gjennom overkomelege spaserturar på smale og hyggelege vegar, er det noen fine turstiar som gir tilleggsverdi til besøket på øyane.

Den lengste og mest spektakulære stien er rundturen gjennom kulturlandskapet vest på Kvitsøy. Turen startar i Ydstebøhavn, anten ved fyret eller, om ein vil gå den andre vegen, langs vegen til Håland. Turen går over beitemarker med mange gjerdeklyvarar, og tar deg forbi fleire bunkerar som er frå okkupasjonstida. Kvitsøy var ein viktig del av det tyske kystforsvaret. Det var fleire små skytestillingar langs sjøen, og eit hovudskyts med fire kanonar. Dette var kraftige kanonar, med 17,5 cm diameter og med ei skotvidde på 20 km.

Ein stuttare sti går rundt på den sentrale delen av Langøy, øya på vestsida av Leiasundet. Og på andre sida, austsida, er det sti frå der bilvegen sluttar, forbi ruinane etter St. Clemens-kyrkja og ut til steinkorset.