Idsefjorden

Når vi krysser Høgsfjorden er det ikkje lenger noen tvil om at vi er i Ryfylke. Hidlefjorden er fjorden Tauferja kryssa i 60 år frå første ferja gikk frå Tau i 1961 til ho gjorde den siste turen i romjula 2019. Lenger aust ligg Idsefjorden, og det er dit vi skal i første omgang. Her har Ryfylke friluftsråd lagt til rette på to plassar på Idsal, Lådervik på nordsida og Reksnes på sørsida. Og så er det det store løftet på Jørpelandsholmen, som er blitt som ein bypark for Jørpelands-byen. I mellom ligg Foreholmen som eigentleg ikkje er spesielt tilrettelagt, men som kan vera ein fin stad å stoppe, sjølv om han er litt utsett for vind og bølger frå andre båtar.

Idsefjorden har fått namnet frå garden Idse og tyder eid, overfartsstad, og kan ha bakgrunn i Idsasundet, det smale sundet mellom øyane Idse og Idsal. Idsal betyr Idse-halvparten, altså den indre halvparten av øygruppa.

Dette er Strand kommune. Noen meinte Strand burde slått seg saman med Hjelmeland og/eller Forsand da den siste kommunereforma blei diskutert. Men slik gikk det ikkje. Strand blei verande for seg sjølv, men med eit ikkje uvesentleg tillegg i sør: Kolabygda, bygdelaget på vestsida av innlaupet til Lysefjorden, blei lagt til Strand etter ønskje frå eit fleirtal av innbyggarane der. Og ikkje berre det: Sjølvaste Preikestolen skifta adresse. Han heldt på å bli ein del av nye Sandnes, men blei ein del av nye Strand. Heimanfylgjet til Forsand kommune blei vesentleg redusert, og stemninga i nye Sandnes blei ikkje så god. Vi kjem tilbake til Lysefjorden i neste kapittel.

Strand er den største kommunen i Ryfylke. Folketalet er ca. 13 000, og det er stigande. Kor raskt det vil stige er det ulike meiningar om. Statistisk sentralbyrå reknar med ein nokså smålåten folkevekst, medan andre tenkjer at Ryfast, fastlandssambandet mellom Stavanger og strandalandet, vil gjera det så attraktivt å slå seg ned i Strand at folketalet vil auke raskt. På Tau satsar ein sterkt på at staden skal bli den nye innfallsporten til Ryfylke for dei som kjem kjørande sørfrå, og at dei vil gjera handelen sin der før dei reiser vidare.

Strand blei den dominerande industristaden i Ryfylke frå midten av 1800-talet og har eit variert næringsliv. Stålverket på Jørpeland og Tau mølle på Tau var lenge dei største arbeidsplassane. I dag har ein tredel av dei sysselsette i Strand arbeid i sekundær­næringane, med bergverk og bygg og anlegg som dei største arbeidsplassane. Men varehandel, transport og reiseliv sysselset nesten like mange. Jørpeland er ein handelsby, og Tau har vore eit viktig kommunikasjonssenter fram til Ryfyast erstatta ferjesambandet.

Men sjølv om Strand kan skilte med eit variert utval av arbeidsplassar, har kommunen eit høgt tal pendlarar. 40 prosent av dei sysselsette i Strand pendlar til arbeidsplassar i Stavanger og Sandnes. På den andre sida er det også noen hundre som pendlar inn til arbeidsplassar i Strand.

I Strand, som i dei andre kommunane i Ryfylke, utgjer offentleg sektor, inklusive undervisning og helse- og sosialtenestene, den største arbeidstakargruppa. Ho trumfar endatil industrien med noen tidels prosent.

Men nå er det fritida som interesserer oss mest, og da er det slik at Strand, saman med Suldal, er dei største reiselivskommunane i Ryfylke. Ein skal vel ikkje sjå bort frå at det har noe med Preikestolen å gjera, for sjølv om han har ligge i Forsand, og heldt på å havne i Sandnes, må ein gjennom Strand for å kome til han. I tillegg er det slik at Strand er ein av dei store hyttekommunane, og da nærmar vi oss episenteret for dette kapitlet i boka.