Håsteinsfjorden

Håsteinsfjorden er fjorden vest av Tungenes, mellom Kvitsøy i nord og øyane og holmane kring Håstein i sør. Sønnafor der kjem Rott og Rottsfjorden før ein passerer Feistein fyr og snart er i krevjande farvatn utafor Jærens rev. Og så kan ein lure på kva Ryfylke friluftsråd har å gjera her, men det har seg slik at Sola kommune er ein av støttespelarane til friluftsrådet, og på Rott er ein i ferd med å legge betre til rette for båtturistar som vågar seg vestover på tur. Belønninga er store opplevingar både av natur og kultur.

Langs fastlandet sørover på austsida av Håsteinfjorden ligg Vistevika med innlaupet til Hafrsfjord, Tananger og Risavika før ein er på høgde med Rott. Her er det mye å skrive om, heilt frå Norges-samlinga til det moderne oljeeventyret. Men for oss skal det handle mest om Rott, utan at vi heilt skal underslå dei bidraga området har gitt til Norgeshistoria.

HAFRSFJORD

Kva som eigentleg skjedde i Hafrsfjord er under stadig debatt. Dei siste åra er det gjort ein stor innsats for å finne konkret materiale som kan underbygge historia, utan at ein så langt har lukkast. Men innerst i fjorden, på Mølleberget rett attmed fylkesveg 405 gjennom Madla, står monumentet «Sverd i fjell» og skal vitne om fred og fridom. Monumentet er laga av skulptøren Fritz Røed frå Bryne og blei avduka av Kong Olav i 1983.

Monumentet skal minne om slaget i Hafrsfjord i 872 eller der omkring. Det er ikkje alle historikarar som tør å vera så nøyaktige i tidfestinga av slaget. Noen meiner slaget måtte finne stad seinare, men at det var Harald Hårfagre som kom sigrande ut av slaget ser det ut til å vera semje om, sjølv om ikkje alle har like stor sympati med austlendingen som la vestlandet under seg.

Harald skal ha vore av Ynglingeætt, ei rik og mektig ætt med sete i Vestfold. Osebergfunnet er ei av kjeldene til kunnskap om dette miljøet. Det gjorde Harald til «innlandsnorsk stammeoverhode og kystnorsk krigerhøvding i same person», skriv Andreas Holmsen i norgeshistoria si. Andre har reist tvil om dette opphavet. Snorre blir ikkje lenger sett på som ei så pålitleg kjelde som ein gjerne kunne ønske seg.

«Sverd i fjell», monumentet til minne om slaget i Hafrsfjord i 872, er laga av skulptøren Fritz Røed og står i Møllebukta i Hafrsfjord. Det blei avduka av Kong Olav i 1983. (Foto: Holger Uwe Schmitt)

Det langstrakte Monsenhuset i Tananger har vore samlingsstad for lokalbefolkningna gjennom snart 300 år, eit nav midt i havna der det alltid var liv.

På eit tidspunkt må Harald ha kome på ideen om å bli noe meir enn eit «innlandsnorsk stammeoverhode», og det ser ut som han nokså greitt fekk til ein avtale med den mektige Håkon jarl i Hålogaland, og seinare mørejarlen Ragnvald Øysteinsson, men høvdingane på Vestlandet var ikkje så samarbeidsvillige. Så dei barka saman i det største slaget i Haralds tid. Harald og hans menn vann slaget og det blei ei relativt rolegare tid etter dette. Harald levde like til kring 945, da kunne han vera kring 70 år gammal. Han budde ein god del av tida på Utstein og Avaldsnes og blei gravlagt ved Karmsundet.

Men samlingsverket var ikkje avslutta med slaget i Hafrsfjord. Birger Lindanger skriv i ein artikkel om slaget at det kan vera rettare å seia at rikssamlinga starta med slaget i Hafrsfjord. Og sjølv her blei riksmakta utfordra. Erling Skjalgsson var ein av etterkomarane etter stormennene på Sola. Han hadde ein maktbase på Jæren og kunne mønstre ein stor flåte av leidangsskip. I 1028 utfordra han sjølvaste Olav Digre (seinare den Heilage), men det gikk gale, kanskje var det eit uhell, men han blei drept. Også etter dette var folka på Sola ei mektig ætt, men rikskongen kunne dei ikkje lenger utfordre.

På Tjora står det ikkje mindre enn fire stein­krossar som truleg er reiste på 900-talet under den første ­kristningsframstøyten til Håkon den gode. Dette er krossar som blir tolka som ei synleg markering av at rikskongen hadde sigra over lokalmakta.

Frå Risavika.